05 november, 2017

Flaggteoremet

Det kan skrivast tusenvis av bøker om Pytagorassetninga. Nokon har sikkert gjort det og. Ein kan utvide dette teoremet i hytt og vær. Fleire dimensjonar, fleire kantar, kuber og mangekantar og eg veit ikkje kva. Eit anna trekantteorem er Vivianis teorem som eg og har skrive litt om. Flaggteoremet er eit teorem som kan likne ganske mykje på begge disse. Her er det eit rektangel med eit punkt inni, og ein undersøker areal av kvadrata ein kan sete på linestykkja som forbind punktet med hjørna i rektangelet (puh!). At det har ei forbinding til flagg skyldast berre at figuren ein får, når ein i tillegg tek med linestykkje ein treng i beviset for teoremet, minner om det britiske flagget. Under kan du prøve litt sjøl, men det er litt knotete å sete inn heile animasjoner i ein bloggpost som denne. Om du ønsker litt meir fleksibelt format kan du finne arbeidsarket for GeoGebra her: https://ggbm.at/gppn47hZ. Der er det og ei lenke til bevis for setninga.